Robbin Røkke leiar arbeidet med den nye avisa.
Robbin Røkke leiar arbeidet med den nye avisa.
Aukranytt blir namnet på den nye lokalavisa som skal dekke Aukra kommune.
Det er Tvisyn AS som har gleda av å kunngjere oppstarten av ei ny lokalavis på Aukra. Avisa vil dekke lokale nyhende og hendingar både på nett og med ei månadsutgåve på papir.
– Vi ser fram til å introdusere Aukranytt til innbyggjarane i Aukra. Avisa skal vere relevant, påliteleg og engasjerande for lokalsamfunnet med god lokal forankring, seier Robin Røkke, dagleg leiar i Tvisyn AS.
Røkke leiar arbeidet med å etablere avisdrifta i Aukra, og vil vere til stades under næringsdagen i Aukra den 14. juni for å presentere prosjektet.
– Aukra fortener si heilt eiga lokalavis, ei avis som speglar lokalsamfunnet og gir ei stemme til folket. Med Aukranytt ønskjer vi å byggje ei førsteklasses avis som dekker alt frå lokalpolitikk, kulturarrangement, sport og næringsliv, seier Røkke.
Aukranytt vil lansere ei nettavis, og den første papirutgåva vil kome ut i august. Tvisyn AS vil kome tilbake med meir informasjon til dei komande abonnentane og annonsørar.
Aukranytt blir den femte avisa til Tvisyn i Møre og Romsdal. Dei andre er Hustadvikingen - som vart starta på same vis i fjor- , Vestnesavisa, Øyblikk og Midsundingen. Tvisyn har også aviser andre stadar i landet.
–A ukra har lenge vore på kartet som ein svært aktuell plass å starte opp ei avis, det er eit klart behov for eit lokalt medium. Då vi i tillegg vart kontakta av folk frå Aukra og fekk støtte frå næringslivet ved Aukra næringsforum var det berre å trykke på knappen, seier Røkke.
For meir informasjon, kontakt:
Robin Røkke
dagleg leiar Tvisyn AS/styreleiar Aukranytt AS
rr@tvisyn.media
91 52 42 36